Notat 4.okt. 2024
SVs programkomite skriv ikkje lenger "UT" av EØS. (NRK idag). Komiteen prioriterer heller det nasjonale handlingsromet. Men det synest lite gjennomtenkt. Det er å ta for lett på EØS.
Det kan sjå ut som at Noreg faktisk har handlingsrom til å styre med sin eigen velferdspolitikk. Som Christian Hambro skreiv i Alltinget 10. september: "EØS-avtalen ble inngått for å gjøre Norge til en del av EUs indre marked. Det var ikke meningen at avtalen skulle påvirke organiseringen av offentlig sektor." Nei, det var ikkje meininga. Slik vart det likevel. Me er i ei gråsone der den indre marknaden også gjeld for offentlege tenester. EØS vert styrt av ulike reglar og som i skiftande grad vert brukt av ulike aktørar. Difor står kontroversielle saker i kø i domstolane. Jussen tek over. Stein Reegård, LO sin EØS-rådgjevar, har summert opp sakene slik (sjå Alltinget):
Hittil har ideelle organisasjonar hatt fortrinnsrett til offentlege anbod. Det reiser velferdsaktørane Stendi og Norlandi sak mot. Og meir er på gang. Skal norske kommunar kunne bli pressa til å bruka kommersielle aktørar i eldreomsorga mot sin vilje ? Saka ligg i lagmannsrett. Skal norske kommunar miste sin rett til å driva treningssenter knytta til sine idrettshallar ?Saka ligg i Høgsterett, avgjerda kan koma i denne månaden. Skal Noreg la seg presse av EØS i sin tannhelsepolitikk? Skal Noreg bli pressa av EØS til å bruke meir av utanlandske sjukehus enn det me sjølv vil? Me ventar på ei stortingsmelding. Skal norske kommunar og sjukehus måtte inkludere Storebrand i sine "non profit" pensjonssystem ? Her står det om ansvaret kommunar og sjukehus har for tenestepensjonen til eigne tilsette. Saka kan bli langdryg.
SV kan ha plan om å politisk stoppe kommersialiseringa, sjå NOU 17. Men om partiet får med seg eit varig fleirtal på stortinget vil EØS likevel bli ei permanent plage. Reegård peikar på at sakene nemnt ovanfor ligg i eit komplisert felt av juss, økonomi og politikk, i mi formulering, i eit sabla rot som velferdsaktørar kan operere i, uavhengig av kven som styrer i eit EU/EØS-land. Noreg kan jobbe for større nasjonalt handlingsrom, men utfallet er usikkert og såleis lite skikka som fundament for velferdstaten.
Notat 17. oktober.
Morten Harper i Nei til EU skriv stadig godt, no sist i brev frå Brussel (Klassekampen 12/10) om EU-kommisjonens krav til medlemslanda om gjennomføringa av fornybardirektivet. Kommisjonen vil snarast ha bort prosedyrer ( demokratiske) som står i vegen bygging av m.a. vindmøller, og sjølvsagt lokale veto. Men berre Danmark har gjort si EU-plikt. Dei andre landa får 2 månader på seg til å ordne opp. Det vert ei stor sak i Sverige. Der har kommunane sagt nei til 66 % av søknader om bygging av vindkraft etter innføringa av lokal vetorett. Medlemslanda er også trege med å rapportere om utsleppskutt. Kommisjonen treng vite om korleis med det går med utsleppsmåla som er sett for 2030. Frå 13 av landa manglar det svar. For to dagar sidan orienterte kommisjonær Kadri Simson ministerrådet om stoda. Der sit folk som representerer sine land. Ingen av dei sa eit ord. (Alf Ole Ask, Dagsavisen 17/10).
Vil Kommisjonen gripe til makt for å få fortgang i dei nemnde sakene ? Det kan tenkjast at ulydige land får Domstolen mot seg, dei risikerer bøter. Kadri Simson står ikkje opprådd. I mars gav ho Stortinget ordre om å vedta EUs fjerde energipakke og å byggje fleire utanlandskablar. Ho truga med sanksjonar mot Noreg. Men i møtet med ministrane nyleg var ho mild. Kva eg trur om det ? Jau, at ho stod framfor store og små land, at ho måtte trø varsamt mot dei store. Om hypotesen min held vil me framover sjå eit EU som skil meir mellom store og små. Det vert lettare for Tyskland å verje seg enn Sverige. Det er eit tema som lyt få sitt eige notat.
Notat 25.okt.
Nei til EU fekk seg ei kalddusj då Høgsterett sa at Stortinget kunne vedta energipakke 3 med vanleg fleirtal etter paragraf 26 i Grunnlova. Utfallet kan best forklarast ved Høgsterett viste uvilje til å ta full konfrontasjon med Stortinget, og det er i tråd med norsk tradisjon. Høgsterett står ikkje tydeleg fram som politisk organ i Noreg. Det skil oss frå EU. Unionens maktfordeling går i klart favør av dei dømande og utøvande organa, medan parlamentet berre har ei hand på rattet.I det lyset er det ironisk at NTEU gjekk til domstolane for å overprøve Stortinget.
Trass i tapet kom det likevel noko godt ut av Acersaka. Folk lærde at ei slik sak er ytterst politisk og knytta til forvalting av makt. Me treng ikkje ha illusjonar om det. Og Acer løfta Grunnlova som politisk tema. Fleire har nok merka seg at så lenge ei utholing av Grunnlova får halde fram, bit for bit, vil folkestyret miste si meining. Makt som vert flytta ut or landet via EØS-avtalen har ikkje klar forankring i grunnlovsteksten.
Dette bør det ryddast opp i, seier Erik Holmøyvik, professor i statsrett. (Klassekampen). Og når Høgsterett ikkje ville ta jobben, så må Stortinget rydde opp. "Om Stortinget skal kunne overføre myndighet til EU-organ og uten kvalifisert flertall, så burde det skrives inn i Grunnloven. Men det vil de ikke."
Dei som ikkje vil ordne opp på denne måten er ja til EU/EØS, som har fleirtal på Stortinget. Om denne flokken tok mot til seg og fjerna mindretalsgarantiar ville EU-striden straks bli heit. Det skjer ikkje. Fleirtalet held fram med sine små men systematiske maktlekasjer til EU.
Men no har partiet Raudt teke opp saka med ei anna vinkling. Det er neifolket glade for. Partiet vil endra både paragraf 115 og 26 i suverenitetssaker. Stortinget vil då måtte ha bak seg tre fjerddels fleirtal, og to tredjedeler av representantane må vera tilsades ved avrøysting. Grunnlovsforslaget har sjans til å vinna fram i folket saman med motstand mot 4. energimarknadspakke. Strategiske saker i den komande stortingsvalkampen.